Ålfotbreen landskapsvernområde går heilt til Hyefjorden. Fjellsida har både varmekjære lauvtre og kalkkrevjande plantar. Foto: Alf Erik RøyrvikDei karaktreistiske hylleformasjonane i Ålfotbreen landskapsvernområde Foto: Alf Erik RøyrvikDei tre fjelltoppane (f.v.) Saga (1318 moh), Plogen (1357 moh) og Keipen (1362 moh) Foto: Alf Erik RøyrvikMyr i Straumsbotnen i Hyen Foto: Alf Erik RøyrvikGjegnen, 1670 moh. Foto: Edvin HugvikHyefjorden og Skjerdalen sett frå nord. Foto: Edvin Hugvik

Ålfotbreen landskapsvernområde

- Der bre møter hav

Ålfotbreen landskapsvernområde er eit område som vart verna 9. januar 2009. Området er på om lag 226 kvadratkilometer og ligg i kommunane Gloppen, Bremanger og Flora. Ålfotbreen landskapsvernområde omfattar eit av dei mest nedbørsrike område i Noreg og dei vestlegaste og mest havpåverka isbreane i landet. Her er dessutan ein særs interessant geologi med devonske bergartar.


Nyhende

Besøksstrategi for Ålfotbreen landskapsvernområde

Ålfotbreen verneområdestyre har utarbeida ein besøksstrategi for landskapsvernområdet. Strategien  seier noko om korleis verneområdet og forvaltninga skal ta i mot dei som besøkjer verneområdet. Strategien ligg no ute på høyring der alle interesserte har høve til å kome med innspel.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:12.10.2018)

Styremøte i Ålfotbreen verneområdestyre

Ålfotbreen verneområdestyre hadde styremøte nr 3/2016 den 16.des i Florø. Mellom anna vart det sett opp liste over ønska tiltak i bestillingsdialogen for 2017.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:30.12.2016 Sist endret:12.10.2018)

Endring av representant frå Bremanger kommune i verneområdestyret

Bremanger kommune har bytta representant til Ålfotbreen verneområdestyre. Marius Strømmen er ny fast styremedlem.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:30.12.2016 Sist endret:12.10.2018)

Årsmelding for 2016

Verneområdeforvaltaren har skrive ei  årsmelding for2016 i Ålfotbreen landskapsvernomåde.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:30.12.2016 Sist endret:12.10.2018)

Anbodskonkurranse om arbeid i verneområdet

Forvaltningsstyresmaktene i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde og Ålfotbreen landskapsvernområde har lyst ut anbodskonkurranse om arbeid i verneområda dei neste fire åra.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:09.05.2016 Sist endret:12.10.2018)

Nytt verneområdestyre for Ålfotbreen landskapsvernområde

Etter kommune- og fylksetingsvalet i fjor haust har det blitt nemnt opp nye styremedlemmar til Ålfotbreen verneområdestyre. Tysdag 5. april hadde det nye styret sitt første styremøte.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:13.04.2016 Sist endret:12.10.2018)
Vis nyhetsarkiv